Oskar Omdal
Oskar Omdal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. oktober 1895 Kristiansand kommune |
Død |
25. desember 1927 (32 år) |
Yrke | flygar, mekanikar, offiser, polfarer, filmregissør |
Oskar Omdal på Commons |
Oskar Omdal (fødd 11. oktober 1895 i Kristiansand, daud 25. desember 1927) var ein norsk flygar i Marinens flyvåpen.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Omdal vart utdanna ved Marinens flyvåpen i 1919 og vart løytnant tre år seinare.
I 1925 var Omdal med som mekanikar på Roald Amundsen si reise til Nordpolen med fly. Den 21. mai 1925 starta dei med to flybåtar frå Ny-Ålesund. På «N–25» var Hjalmar Riiser-Larsen flygar, Roald Amundsen navigatør, og Karl Feucht mekanikar. På «N–24» var Leif Dietrichson flygar, Lincoln Ellsworth navigatør og Oskar Omdal mekanikar. Dei landa på 87° 44' nord (25 mil frå Nordpolen) og hadde store vanskar med å koma i lufta igjen. «N–24» var skadd og måtte etterlatast. Først 15. juni hadde dei fått laga ein provisorisk startbane på 500 meter på isen der, dei makta å ta av med «N–25» med alle seks om bord.[1] Dei landa same dag i Brennevinsfjorden på Nordaustlandet.[2] Selfangstskuta «Sjøliv» frå Balsfjord var i området og redda Amundsen og følgjet hans tilbake til Ny-Ålesund.[3]
- Død
Omdal omkom saman med Frances Wilson Grayson og Brice Goldsborough som hadde hyra Omdal for ei atlanterhavsflyging frå Curtis Field i New York til Harbor Grace i Newfoundland, der dei skulle førebu ei kryssing av Atlanterhavet.
Heider
[endre | endre wikiteksten]Oscar Omdals gate i Stavanger og Oscar Omdals terrasse i Hamresanden i Kristiansand er oppkalla etter han.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på Oskar Omdal i Wikipediapå bokmål, utgåva frå 11. november 2018
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Per Kristian Johansen og Sjur Sætre (1. mars 2007). «Roald Amundsens mislykkede polferd». NRK Norgesglasset. Henta 17. februar 2008.
- ↑ Tim Greve (1975). Svalbard – Norge i Nordishavet. Grøndahl & Søn Forlag A/S. s. 28. ISBN 82-504-0107-7.
- ↑ Thor B. Arlov (2003). Svalbards historie (2. reviderte utgave utg.). Tapir Akademisk Forlag. s. 429. ISBN 82-519-1851-0.